Rita Karlsen, HRS
I dagens Bergens Tidende tar Gunnar Skirbekk, professor em., Senter for vitskapsteori, Universitetet i Bergen, for seg blant annet et begrep som vi er blitt brukt flittig i hijab-debatten; nemlig nøytralitet. Med referanse til studenten Usman Rana sier Skirbekk:
Er nøytralitet mogleg? spurde Mohammed Usman Rana under eit diskusjonsmøte i Studentsamfunnet i Bergen 05.02.09, idet han tok utgangspunkt i hijab-debatten og gjekk inn for at politiuniforma bør kunne kombinerast med hijab for å avspegle mangfaldet i det norske samfunnet. Dei same poenga tok han opp i eit innlegg Aftenposten 12.02.09 («Forvillede vaktbikkjer»), der han (merkeleg nok) omtalar hijab som eit «tøystykke», og meiner at motstanden mot hijab beror på mistillit til profesjonaliteten hos norske muslimar; og på ny spør han kva skilnaden kan vere mellom å ha eit muslimsk namn og å synleggjere sin muslimske religiøsitet ved hijab, for ein som arbeider i politiet. Her trengst det ein del begrepsarbeid.
For meg er Skribekk’s kronikk å anse som drahjelp, da jeg flere ganger har prøvd å sette søkelyset på begrepet verdinøytralitet, og hvordan dette blir benyttet i de mest fantasifulle vendinger, for eksempel relatert ”muslimskklingende navn, arabisk utseende og visse typer skjegg”, som både er brukt av Rana i Aftenposten-innlegg og av muslimske kvinner i gårsdagens hijab-debatter, for eksempel på RedaksjonEN på NRK. En av disse tildeles også ”nyhetsplass” på Dagbladet.no, der Bushra Ishaq, leder i Muslimsk studentsamfunn (for de kan vel ikke være med i det ”vanlige” studentsamfunnet?) spør: – Skal alle politifolk som heter Muhammed skifte navn?
Disse bør vie Skirbekk’s vurderinger mer enn de makter å lytte til sine meningsmotstandere i debatter:
Nøytralitet kan vere så mangt. Vitskapleg verksemd skal vere verdinøytral (livssynsnøytral, for å seie det slik), men samtidig er vitskapleg verksemd nødvendigvis normstyrt, t.d. ut frå normer om sakleg argumentasjon og om ikkje å fuske under vitskaplege forsøk eller jukse ved presentasjon av forskingsresultat. Tilsvarande for domstolane og politiet, dei er nødvendigvis normstyrte. I ein demokratisk rettsstat skal dei fungere ut frå gjeldande lov og rett, felles for alle samfunnsborgarar. I den forstand er domstolar og politi normbaserte samtidig som dei skal etterstreve nøytralitet overfor særinteresser og gruppespesifikke verdiar. Poenget med politiuniform og dommarkappe er å signalisere denne nøytraliteten: lov og rett er eins og felles for alle. Derfor er det eit prinsipielt mistak å bringe inn spesielle verdimarkørar i desse uniformene.
Er hijab eit tøystykke? Ja, dét også. Liksom Bibelen (i dag) er papir med trykksverte og menneskekroppen stort sett er vatn. Men det er jo tøvete å skulle meine at alt er sagt med det. Tilsvarande kunne vi også seie at flagget vårt er eit tøystykke, men det ville jo vere å sjå bort frå poenget med å ha eit flagg, som eit fysisk symbol på fellesskap.Og vi bør jo ha eitt flagg (sjølv om det av historiske grunnar er prega av ein kristen kross og av fargane frå den franske revolusjon). For kva er alternativet? Skulle også dette tøystykket ha synlege innslag av forskjellig slag, for slik å avspegle mangfaldet i det norske samfunnet, for eksempel av svenske og danske og polske og tyske og vietnamesiske og chilenske og pakistanske fargemarkørar, etc.? Sjølvsagt ikkje, for dette flagget, nettopp slik det er, representerer eit felles symbol for alle norske statsborgarar. Slik er det også med uniformene i politi og rettsvesen, som symboliserer det vi har felles.
Dessutan, desse uniformene er spesielle. Dei er for eksempel ikkje som uniformene for parkeringsvakter eller i Frelsesarmeen, fordi status og funksjon er heilt annleis. Dette er uniformene for dei som utøver legitim makt: Politiet skal etter evne roe ned når det oppstår prekære situasjonar, og politiet kan i gitte situasjonar bruke fysisk makt, i verste fall ved skarpe våpen. Dette er ein avgjerande praktisk grunn til at politiuniforma bør vere nøytral.
I slike tilfelle er det ikkje primært tale om korleis den enkelte polititenestemann/kvinne oppfattar seg sjølv, men korleis dei kan bli oppfatta av andre, i prekære konfliktsituasjonar. Derfor er det ei avsporing å insinuere at det er tale om mistillit til profesjonaliteten til norske muslimar når ein åtvarar mot hijab og andre former for religiøse og politiske markørar på politiuniforma. Problemet her gjeld ikkje for muslimar meir enn andre, og det gjeld ikkje primært korleis politimenn/kvinner opplever seg sjølve, men korleis dei i gitte situasjonar blir oppfatta av andre. (min utheving).
Kanskje det er her hunden ligger begravet, nemlig i det at de overhode ikke bryr seg om hvordan de blir oppfattet av andre. De er muslimer, og det er det disse muslimene først og fremst vil formidle. Og det skal vi finne oss i, verken mer eller mindre, og det helst uten noen som helst debatt. Hvis ikke, får ikke de nyttet sin ytringsfrihet, de får ikke delta i demokratiet, de får ikke jobbe, de får ikke utøve sin religionsfrihet. Spørsmålet er vel i hvilken grad de vil være deltakere i dette samfunnet på lik linje med oss andre?
Les Skirbekks kronikk i BT.no: ”Korttenkt multikulturalisme”