Integrering og integreringspolitikk

Kubaisis samtale med Ramadan

”Lederen av islams karavane i Europa”, Tariq Ramadan, var nylig i Oslo i forbindelse med boklansering. Der møtte han sin overmann, Walid al-Kubaisi. Al-Kubaisi bestemte seg for å intervjue Ramadan, men det gikk ikke helt slik han hadde tenkt. Samtalen var rett og slett unyttig, mener al-Kubaisi. Der tar han feil, mener jeg.

Hege Storhaug, HRS

Det er i siste utgave av Dag og Tid at al-Kubaisi forteller om sitt noe sære møte med Ramadan. Ideen hans var et klassisk intervju med Ramadan, men ikke overraskende opptrer Ramadan som den ulven i fåreklær som mange av oss mener han er. Derfor er et intervju med Ramadan en prøvelse i tålmodighet og krever en kontinuerlig og årvåken avkoding av hva det faktisk er han sier eller forfekter. Dette mestrer al-Kubaisi perfekt, nettopp derfor er ikke det som ble en samtale med Ramadan unyttig for oss andre. Al-Kubaisi avkler Ramadan som den islamisten han er gjennom sitt vell av kunnskap. Man kan langt på vei konstatere at Ramadans budskap om såkalt ”euroislam” ikke år gjennom hos særlig mange intellektuelle lenger.

Unyttig samtale med Tariq Ramadan– Denne mannen er ingen reformator av islam.

Av Walid al-Kubaisi

Tariq Ramadan har vorte eit kjent namn i Europa og Midtausten, som «leiaren av islams karavanar i Europa», slik nettavisa til Muslimbrørne, islam­online.com, har karakterisert han. Mange muslimar i Europa ser han som representant for euro-islam, og for mange europearar er han reformatoren av islam som Europa lenge har venta på. Men det er òg mange som tvilar på dette og ser på han som ein forkynnar av bodskapen til Muslimbrørne. Han står altså fram som eit mystisk fenomen.

Nyleg møtte eg han til eit intervju. Han var i Oslo for å presentera den nye boka si, Mangfoldets filosofi. Ramadan er venleg, kultivert – som ein smålåten konge. Vi sat 45 minuttar saman der eg stilte han spørsmål som ein vanleg journalist. Men eg fekk ikkje til å skriva ut eit intervju. Referatet av samtalen gav ikkje særleg innsikt. Difor har eg enda opp med ein kommentar.

Muslimbrørne

Far til Tariq Ramadan, Said Ramadan, var ein ihuga tilhengjar av Hassan al-Banna. Al-Banna stifta organisasjonen til Muslimbrørne i 1928 som då vart den fyrste islamistiske rørsla i moderne tid.

Said Ramadan var tjue år då han i 1946 vart sekretæren til Hassan al-Banna. I 1948 reiste Said Ramadan til Pakistan og representerte Muslimbrørne ved ein islamsk verdskonferanse i Karachi. Han var aktiv i diskusjonen om grunnlova til landet og innvigde Abul Ala Maududi i tankane til Muslimbrørne. Abul Ala Maududi vart seinare den største teoretikaren av internasjonal jihad, heilag krig. Maududi har sjølv takka Said Ramadan for at han vekte medvitet hans.I 1950 kom Said Ramadan att­­ende til Egypt. Han gav ut avisa Almuslimon. Said sette då islamisering av verda på saklista. Etter at Nasser kom til makta i Egypt og ville ha eit sekularisert system utan sharia, flykta Said Ramadan til Saudi-Arabia.

Muslimbrør i Europa

På slutten av 1950-åra overtydde Ramadan Saudi-prinsen Faisal om å vera med på å stifta muslimske senter i europeiske hovudstader. I 1958 reiste Said Ramadan til Genève, og i 1961 stifta han Det islamske senteret i Genève. Senteret vart ein samlingsstad for muslimbrør som flykta frå Egypt. I 1964 stifta han liknande senter i London og i München og vart europeisk leiar for Muslimbrørne. Said Ramadan gifte seg med Wafa, dotter til Hassan al-Banna. I 1962 vart Tariq fødd.

Bakgrunnen til Tariq Ramadan kan sjølvsagt ikkje fortelja oss kva han måtte meina om islamismen i dag. Likevel meiner eg at bakgrunnen hans er viktig og må ha påverka synet på rolla til islam i samfunnet. Eg ser han altså òg i samanheng med familiehistoria hans.

Tariq Ramadan seier han ikkje er medlem av Muslimbrørne. Eg vil argumentera for at han likevel stør bodskapen deira om å islamisera samfunnet. Ramadan er komplisert å skjøna fordi argumentasjonen hans er tåkete. Han meistrar å få europearar til å oppfatta han som reformator, men islamistar vil skjøna han som islamist par excellence.

Integrering

Opp gjennom historia har det kome ei rekkje fatwaer som gjeld minoritetane i Europa. Dei kalla denne delen for «Fiqh, al-dharore», det tyder «Naudsyns­teologi». Mange imamar i Europa som er tilhengjarar av tradisjonelle skular, meiner enno at muslimane må leva som tradisjonelle muslimar og ikkje verta forderva av europeisk moral. Vesten er i moralsk oppløysing, og muslimane må ikkje verta tilsulka av det. Dette har vore eit syn som hindra integrering i mange år.

Men både Tariq Ramadan og Muslimbrørne meinte at desse fatwaene må avskaffast, for muslimane i Europa i dag er ikkje ein minoritet som arbeider og reiser heim, men dei bur her for godt. Tariq Ramadan vil at muslimane må integrera seg. Dei må skaffa seg utdanning. Dei må delta i samfunnet. Dette er manna frå himmelen for integreringspolitikarar.

Såleis har Tariq Ramadan makta å tilfredsstilla det europeiske øyra og samstundes løysa eit problem for mange muslimar i den nye generasjonen som er fødd og oppvaksen her i Europa.

Men eg skjønar dette på ein annan måte. For ved å lesa det som Tariq Ramadan har skrive og sagt, oppdagar eg at det han gjer, er å redefinera ordet integrering. Skal ein integrerast i det europeiske samfunnet, må ein som muslim tru og stø opp om menneskerettar, ytringsfridomen og respekt for lova slik dei er definerte i Europa i dag.

Men integrering for Ramadan er noko anna. For han dreiar det seg om å delta i samfunnet for å ha ein ståstad til å forsvara islam, for å rettferdiggjera dei muslimske verdiane.

Teologiske reglar

Lat oss sjå på kva han seier i eit lydbandopptak han har gjeve ut på ein kassett:

«Vi aksepterer integrering i gjestesamfunnet (…). Eg aksepterer lover og reglar, men på vilkår av at dei ikkje tvingar meg til å gjera noko som strid mot religionen (…). Om du må verta dårleg muslim for å verta ein fransk borgar, då må du seia nei.»

Då respekterer han lova berre dersom dei er akseptable for islams teologiske reglar. Difor kan han seia til meg: «Muslimane er alt integrerte. Vi er i no eit postintegreringsstadium.» Er det rett? Er ikkje integrering av muslimar framleis ei problematisk sak i Europa? Vidare seier han til meg: «Når eg bur i eit land som borgar, må eg respektera grunnlova. Dette er eit muslimsk prinsipp.»

Det er flott. Men han legg til på kassetten at «i den stunda når alt som finst i dette landet, frå eit sosialt, kulturelt og lovmessig grunnlag, ikkje kolliderer med eitt av prinsippa i islam, kan lova respekterast.»Islam er altså hovudreferanse, hovudmålestokk, og respekt for lov og land kjem etter. Då kan ikkje tankane til Ramadan vera tankane til ein sann reformator.

Parallelt samfunn

Ramadan forkynner såleis til muslimane at dei ikkje skal smelta saman med europeiske samfunn. Dei skal berre tilpassa seg så langt Koranen tillèt det. Dette er det same som Muslimbrørne ynskjer. Qaradawi i Muslimbrørne seier at vi må læra av jødane å halda på røtene og lovene våre.Europa skil mellom religion og politikk. Det gjer ikkje Ramadan. Han talar om å kopla det religiøse saman med det politiske som noko positivt og meiner, jf. éin av kassettane, at ein må vera varsam når ein talar med «kristne som ikkje høyrer til vår historie, for dei ser dette som noko negativt».

Men når ein koplar politikk med religion slik Ramadan gjer – er ein då ein del av den europeiske tenkjemåten? Tariq unnlèt å tala om det politiske islam. Han brukar eit anna ord, «det altomfemnande islam», englobant. Om muslimane i Vesten ynskjer «å leva i harmoni med prinsippa sine, må dei halda seg til kjeldene for den religiøse arven sin, motivert av det særeigne ved islam. Den altomfemnande bodskapen til islam», seier han i ein kassett.

Sjølvvald stigmatisering

Om ein høgrepolitikar hadde bede muslimane om å ta på seg ein halvmåne rundt halsen, for å skilja dei frå resten av folket, ville det vorte ramaskrik. Men det som skjer i Vesten, er det motsette. Muslimar tek på seg hijab for å skilja seg frå resten av folket. Men er hijab eit påbod i islam?

Eg diskuterte dette med Ramadan. Han meinte at alle tekstar provar dette påbodet.– Du tek feil. Hijab er ikkje eit påbod, svara eg.– Å dekkja til håret med eit sjal er eit felles trekk i alle semittiske religionar, men det har ikkje noko med islam å gjera. Og bror til Hassan al-Banna, farbror til mor di, meinte at hijab ikkje er eit påbod. Han synte meg ein gong foto av syster si, der ho kledde seg vestleg utan å dekkja til håret. Far hennar var teolog, og forfattar av tjue band islamsk teologi.Tariq Ramadan smilte til meg og sa: – Far til morfar min var liberal.– Det er ikkje eit argument. Han var teolog og skjøna islam like godt som sonen Hassan al-Banna. Tanta til mor di var god muslim.

Mitt poeng er at hijab vart innførd av Muslimbrørne og har ikkje vore eit krav i islam før, men eit tradisjonelt kledeplagg. Så kvifor oppmodar Ramadan jenter om å bruke hijab? Jau, fordi det er ein politisk bodskap som stør politisk islam.

Islamisera Europa

Eg spør så Ramadan om han som Muslimbrørne vil islamisera Europa? Eg var spent på svaret. Men han svarar ikkje, men snakkar seg bort frå spørsmålet. Det er hans måte å samtala på. I staden fortel han om «det som ikkje burde gjerast», og kjem med eit døme: Omar Bakri som framfor eit BBC-kamera sa at «eit flagg med Det er ingen Gud utanom Allah, Muhammed er sendebodet hans vil verta heist på Buckingham Palace i London.»Ramadan seier:– Dette vekkjer frykt mellom dei som høyrer det.

Altså, the singer, not the song! Ikkje bodskapen, men måten å fremja det på.

Eg nemnde for han at den demografiske utviklinga til muslimane i Vesten skaper uro mellom folk fordi mange har ein politisk agenda, det er ein annan kultur, ein annan tradisjon, og historia mellom Europa og islam har vore prega av trugsmål mot integriteten til kvarandre. Han svara:

– Eg skjønar uroa til folket. Men når denne uroa vert uttrykt av politiske parti, då må ein protestera.

Vel, er desse politiske partia ikkje ein del av folket? Korleis uttrykkjer folk meiningane sine? Er det ikkje gjennom politiske parti?

Ytringsfridom

Då Ramadan presenterte boka si hjå forlaget Cappelen Damm 28. januar, var det eit debattmøte skipa til av Vårt Land samstundes. Emnet var «Er islam eit trugsmål mot norsk kultur?» Ramadan kommenterte dette på møtet og meinte at «det er farleg at slike emne vert tekne opp fordi det normaliserer fordomane i folket.»

Men folk seier meininga si i Noreg og debatterer alle emne. Difor er ytringsfridomen ein styrke for samfunnet. Men Tariq Ramadan er selektiv når det gjeld ytringsfridom. Og han seier til dømes at den vestlege litteraturen er rik, men ein må velja av han det som er nyttig. For Ramadan er ikkje Voltaire nyttig. I 1993 greidde han å stogga eit teaterstykke av Voltaire i Genève fordi det var skadeleg for islam.

Formuleringar som «eigenskapen til islam gjer trua til eit ljos», og «fornufta er retninga», er tekne ut av opplysingstida. Men desse orda har ingenting med det Tariq forkynner. For han vil finna svaret i Koranen og tradisjonen til profeten. Difor ser han på Kant og Pascal som det motsette av det han står for. Han ser på den kritiske fornufta som overdriven ekstremisme. Dette er nokre døme på måten hans å snakka seg ut av ein problematikk, omdefinera ord og termar for å gje verdiar som demokrati, ytringsfridom og integrering eit anna meiningsinnhald. Eg kunne ikkje sjå reformatoren Tariq Ramadan. Snarare såg eg ein politisk islamist frå dei radikale Muslimbrørne som ordlegg seg på ein varsam måte, men harmonisk med Hassan al-Banna.

Aldri kritisert

Då eg spurde han om han er tilhengjar av Muslimbrørne, svara han meg på same unnvikande måte:

– Eg har aldri vore medlem av organisasjonen til Muslimbrørne.

Men treng ein i hans situasjon kalla seg éin av dei når han utan medlemskap svært framgangsrikt kan forkynna den same bodskapen i eit rom han sjølv har skapt ved hjelp av nydannande retorikk som fell i svært god jord hjå religiøse økumenikarar og ukritiske integreringspolitikarar? Og har han nokon gong kritisert Muslimbrørne? Nei.

Walid al-Kubaisi er forfattar og norsk statsstipendiat og fast skribent i Dag og Tid. Gjengitt med al-Kubaisis tillatelse.