Hege Storhaug, HRS
I mai i år døde et spedbarn i Oslo etter at en lege i privat regi hadde omskåret gutten. Mange begynner å ta innover seg at omskjæring av guttebarn faktisk er et overgrep. De som fremdeles setter religion fremfor barns ukrenkelighet, kan ha nytte av å ta del i Walid al-Kubaisis opplevelse av overgrepet i 1963 i Irak. Smerten var langt verre enn da han ble skutt i foten som soldat.
«Vi skal omskjera deg snart, og vi gler oss til festen. Vi skal henta omskjeraren Ze’irrti. Han vil amputera sporven din.» Far min var høgtidleg i røysta.
I ei veke hadde foreldra mine førebudd seg til omskjeringsfesten. Far ville syna byen ein omskjeringsseremoni som var statusen hans verdig. Store mengder mat og godteri vart kjøpte inn. Huset vart pynta og høgtalarar sette opp. Far var trass i alt politimeister i Abu al-Khasib. Ein liten, vakker by ein halvtime frå Basra, med mange palmetre og elvar.
Dette var i 1963. Eg var nesten seks år gamal. Eg kom frå ein tradisjonell, muslimsk familie i Irak. Foreldra mine levde etter boda i Koranen, men var avslappa. For mor og far var religionen ei velsigning, ikkje ei forbanning.
Eg hugsar framleis gjestene og korleis dei og far lo av glede og byrgskap, medan bror min og eg var redde og tenkte heile tida på katastrofen som skulle henda oss.
Eg og bror min fekk lange, kvite kjortlar. Alle var glade, unnateke bror min og eg. Vi var livredde for saksa til omskjeraren.
Vi var nyfikne på måten det skulle gjerast. På gata tala vi med naboane. Dei fortalde at Gassim, ein gut i gata, døydde ei veke etter omskjeringa. Sikkert på grunn av betennelse. Familien var fattig og budde i ei stråhytte. Hygienen og reinsemda var ikkje god nok.
Men andre i gata var omskorne og glade. Men alle tala om smerta og skildra korleis vaksne folk heldt dei unge gutane for at Ze’irrti kunne halda i sporven og klippe over med saksa.
Så kom dagen. Musikarar med trommer og basunar song og spela arabisk musikk. Nabokvinner kasta godteri frå takhusa over musikarane og nabogutane som samla seg rundt. Mennene fylte stova og hagen. Vi hadde eit stort arabisk hus og plass til alle. Alle var glade. Far sat byrg med dress som ei Hollywood-stjerne, og venene samla seg om han og fekk appelsinjuice. Far og mor ville syna gjestfridom. Dette var ein stor dag.
Bror min og eg tok del med falske smil. Det var galgenhumor. Éin time før det skulle henda, rømde vi til naboen og gøymde oss i hønsehuset. Vi trudde dei ikkje såg oss, men eigenleg oversåg dei oss, fordi dei visste at alle gutar gjer det same.
Då Ze’irrti kom, høyrde vi musikken og basunane spela høgare. Omskjeraren var ein liten turkmenar i femtiåra med eit svart og kvitt skjerf, eit slags palestinarskjerf, fest som ein turban kring hovudet. Han var roleg og smilte ikkje. Eg hugsar enno øskja hans med saks og medisinar. Eg kunne lukta det gule medisinstoffet som var i øskja, og eg kjenner den skarpe lukta den dag i dag.
Så kom far og sa: «Wallodi, kom her! Vi skal ikkje gjera deg noko vondt. Ein liten augneblink, og alt er over.»
Eg tok til å gråta og skrika: «Eg vil ikkje, pappa! Eg vil ikkje!» Men det nytta ikkje. Eg kjende meg hjelpelaus andsynes desse vaksne mennene og gav etter. Dei førde meg bort til stova der Ze’irrti venta med saks.
Ein god mann, nabo og familieven, heldt meg fast. Han heldt låra mina sprikjande og armane mine under olbogen. Eg kunne ikkje røra meg, men dunka han i brystet med hovudet.
Av redsle såg eg ikkje på saksa. Eg prøvde å sjå opp i taket, men greidde det ikkje, for over meg var det berre hovud: Hovuda til naboar, vener til far min og kameratane mine frå nabolaget. Alle såg på meg. Eg skjøna at mellom desse galne folka var det ingen nåde.
Eg var utan truse og hadde berre den kvite kjortelen på – det muslimske symbolet på at eg var rein. Dei lyfte opp kjortelen. Eg vart flau der eg stod naken framfor alle mennene. Så drog han forhuda fram slik at penis trekte seg attende. Deretter pressa han fingrane saman slik at den slappe forhuda hang ut. Så klipte han. Eitt klipp. Raskt og effektivt. Dette hadde han gjort hundrevis av gonger.
Blodet spruta. Eg hylte. Det var ei smerte eg aldri hadde opplevd tidlegare – eller vil koma til å gjera. Då eg var soldat, vart eg skoten i beinet. Det var ingenting mot dette.
Musikken spela endå høgare i den augneblinken det skjedde. Men han var ikkje høgare enn smertehyla mine og desse menneska som ikkje hadde miskunn og som lika å pina meg.
Familievenen sleppte meg. Eg var utan krefter, men i augo mine var skrekk og redsle. Dei bar meg ut. Eg såg på himmelen. Politiet som var under min fars kommando, fyrde av skot saman med naboane. Den myrke himmelen vart lyst opp. Dei førde meg til rommet mitt der mor mi venta og la meg på senga.
Så tenkte eg på bror min. Etter ti minutt høyrde eg skriket hans gjennom bråket frå festen. Så kom dei med han og la han i senga ved sida av meg. Han var to år yngre enn eg og endå meir forsvarslaus. Vi fekk ikkje noko mot smertene. Vi sprikte med beina, men smertene var forferdelege i dagevis.
Folk kom og gratulerte mor mi. Dei kasta pengesetlar på føtene våre der vi låg i senga. Desse folka er endå styggare enn far og mor, tenkte eg. Dei gratulerte oss med smertene våre. Burde dei ikkje heller kondolert?
Den fylgjande veka vart vi vane med å få Ze’irrti på vitjing. Han kom og la medisin på dei betente såra våre. Det kjendest som å få gnide salt i dei då Ze’irrti la det gule stoffet på såret. Når vi skulle gå, måtte vi halda fram kjortelen slik at sporven ikkje kom borti kleda.
Vi nekta å snakka til mor og far. Mor freista å trøysta oss og verta ven med oss att.
«Kva vil du verta, Walid? Ingeniør, lækjar, offiser?» spurde ho meg.«Ze’irrti», sa eg. «Kvifor?», sa ho overraska. «Fordi eg vil omskjera deg og far».
Eg hadde stadig mareritt om Ze’irrti. Og då vi var slemme og rabagastar, truga foreldra våre oss med at dei ville henta Ze’irrti att. Då vart vi stille. Ein månad etter våga eg å sjå på sporven min. Eg var nyfiken på årsaka til alt oppstyret og smerta. Han var annleis. No såg eg det raude sporvehovudet.
Eg gjekk til mor. «Kvifor jubla alle naboar og venene til far over at eg hadde fått skore av eit lite stykke kjøt? Kvifor hata dei dette kjøtet? Har sporven laga problem for dei alle?»
Dei fleste av oss muslimar som er omskorne, gløymer det. Men opplevinga mi er som eit arr i sjela. Eg har tala med mange av mine muslimske vener om omskjering. Kvifor skal vi drive på med dette? No er vi eit opplyst folk, kvifor halda på med denne barbariske tradisjonen som påfører unge gutar så mykje smerte?
Men dei vil ikkje høyra etter. Venene mine er hjernevaska etter hundreår med propaganda om at denne tradisjonen som er stødd av religionen, er sunn, og at moderne vitskap stadfester at omskjering er godt for helsa og førebyggjer ei rekkje farlege sjukdomar.
Då eg diskuterte omskjering med ein ven frå Syria, tilstod han at det skader borna psykisk. Men han meinte at føremonene er større enn ulempene, og sende meg ein artikkel som hevdar at omskjering førebyggjer kreft.
Dei fleste studiar som forkynner omskjering, er styrde av tru. I dag finst det ingen medisinske argument for omskjering som ikkje er medisinsk tilbakeviste. Anti-omskjeringsfronten vert stadig sterkare i argument og prov. Men det er likevel ikkje ei enkel oppgåve å få slutt på denne lange tradisjonen.Sjå berre på meg sjølv. Eg er utan ryggrad. Eg sveik mine eigne smerter. I 2008 spurde venen min Majed om eg kunne vera med han til lækjaren på Grønland. Han ville omskjera den sju månader gamle sonen Omar.
«Eg har ikkje hjarta til å sjå Omars smerte og skrik. Eg vil at du skal halda han», sa han.
«Eg vil ikkje. Du veit jo at eg er imot omskjering», svara eg. «Vi har bestemt oss. Om ikkje du gjer det, finn vi nokon andre. Men vi vil helst at du, min nære ven, gjer det».
Vi drog dit med barnevogna. Eg såg på Omar, som uskuldig låg der og leit på oss. Eg freista på vegen å overtyda Mejed om å lata Omar avgjera sjølv når han vart vaksen. Men tradisjonen er sterkare enn argument. Det var fånyttes.
Då eg heldt Omar, lo han mot meg og far sin. Plutseleg såg eg saksa til lækjaren, og då hugsa eg mi eiga oppleving. Det stakk som ein kniv i hjarta då guten skreik. Eg kjende skriket som ein protest. Born som vert omskorne, kan ikkje gjera opprør, men skrik ut protesten til foreldra, lækjarane og dei religiøse dogma. Men Koranen og tradisjonen står kjenslelaus og berre ser på – år etter år. Det skriv eg om neste veke.