Hege Storhaug, HRS
Da fikk forhåpentligvis endelig Bekkemellem og HRS til slutt gjennomslag.
I februar varslet utvalgets leder Hadia Tajij ”dramatiske” omlegginger av trygdeordningene. Det som foreløpig er kjent nå i formiddag, kan vanskelig kalles dramatisk. En polakk skal eksempelvis få om lag halvert barnetrygden hvis barnet bor i Polen. Uføretrygd og kontantstøtte skal også nedjusteres til kjøpekraften i landet man har bopel i, melder NRK.
Utvalet foreslår at uførepensjon, barnetrygd og kontantstøtte skal utbetalast etter prisnivået i det landet mottakaren bur. Hadia Tajik har leidd utvalet i Arbeidarpartiet, som no vil avgrense eksporten av blant anna barnetrygd, kontantstøtte og uføretrygd.
Utvalet meiner at ordningane som gjeld i dag er for bra. – Dei er urimeleg gode, seier Hadia Tajik.
Rett til norsk trygd
Slik ordninga fungerer i dag kan ein etter berre nokre månader i jobb her i landet ha opparbeidd seg retten til ei rad norske trygder. Desse pengane kan han sende ut av landet eller ta med seg til heimlandet.
Velferdsutvalet legg fram forslaga sine for partiet i dag, og så skal landsmøtet avgjere om dei skal inn i Arbeidarpartiet sitt partiprogram.
Det Arbeidarpartiet ynskjer er å vri innsatsen frå kontantoverføringar til tenester der det er mogleg. I tillegg i større grad knyte plikter til kontantoverføringar, slik at dei ikkje kan eksporterast. Kontantstøtte kan bli knytt til buplikt, medan dagpengar kan bli knytte til aktivitetsplikt.
Aktiv jobbsøking
Det betyr at mottakarar av dagpengar aktivt må søkje nye jobbar for å få stønad. Også i dag er det eit krav om at ein må vere ein «reell arbeidstakar» for å få dagpengar, og no er det oppfølginga av dette som skal styrkjast.
Velferdsutvalet i partiet vil også vurdere medlemskapsvilkåra i Folketrygda for å hindre trygdemisbruk.
Utvalet vil knyte krav til buplikt til kontantstøtte for eittåringar.
Endeleg vil Velferdsutvalet i Arbeidarpartiet at alle offentlege ytingar og barnebidrag blir haldne tilbake frå bortføraren ved internasjonal barnebortføring.
Brukar kjøpekrafttabell
For å illustrere korleis Hajik tenkjer seg at utbetalingane kan reduserast i framtida, gir ho oss dette dømet.
Norsk barnetrygd er på 970 kroner i månaden. Ein kjøpekraftstabell viser at 100 norske kroner er verd 46 polske zloty. Ved å multiplisere 970 kroner med 0,46 får ein summen 446,20 kroner.
Det blir altså den nye summen for mottakarar busette i Polen, kjøpekraftjusterte etter polske forhold.
Usemje i regjeringa
Forslaget kan skape strid internt i regjeringa. Karin Andersen gjer det klart at SV er skeptisk til forslaget.
– Vi meiner forslaget er både urealistisk og urettferdig, seier sosialpolitisk talsperson Karin Andersen.
Pengar frå NAV til utlandet i 2008
38 prosent av utbetalingane frå NAV til utlandet går til land i Norden.
29 prosent gjekk til ikkje-nordiske land i Vest-Europa.
12 prosent gjekk til mottakarar som NAV ikkje hadde registrert opphaldsland på.
11 prosent gjekk til land i Sentral- og Aust-Europa i og utanfor EU, Afrika, Asia og Mellom- og Sør-Amerika.
Ni prosent gjekk til Nord-Amerika og Oceania.