– Eg fryktar mindre ytringsfridom, demokrati og integrering. Og at 100.000 syriske flyktningar kan koste oss 1000 milliardar kroner, skriver forfatter og journalist Jon Hustad i Medier24:
«HEILT SIDAN EU tok med Aust-Europa i 2004 har Noreg vore i verdstoppen i innvandring.
Men asylbylgja gjer oss langt meir nervøse enn innvandrarar frå Polen og Baltikum. Det handlar nok om islam.
…
120 milliardar i årlege investeringar er elles om lag det same som staten gjev til spesialhelsetenesten, altså sjukehusa i år.
Velferdsstaten har ikkje ein sjanse.
Men dette har eg konkludert med mange gonger før, den noverande velferdsstaten let seg ikkje kombinera med innvandringa av utfaglærte.
EG HAR DERIMOT ikkje skrive noko om kva den stadig aukande islamske innvandring gjer med Noreg.
Eg spår dette: I åra framover vert det mindre forsamlingsfridom i Noreg, mindre ytringsfridom i Noreg, mindre demokrati i Noreg, og mindre integrering i Noreg.
I tillegg vil det verta meir kriminalitet (personar frå muslimske land er mykje meir kriminelle enn andre, viser tall fra Statistisk Sentralbyrå) og mykje meir politi og overvaking, og det vert meir radikalisering (når mange kjem, er risikoen for å enda opp i ein enklave mykje større) og eg tipper at det norske samfunnet generelt vert mykje mindre fritt og homogent.»