Aktuelt

Sp kritisk til SSBs ledelse

I et spørretimespørsmål til finansminister Siv Jensen gir Senterpartiet SSB-ledelsen det glatte lag samtidig som de gir Erling Holmøy en attest som han kan henge på veggen.

Flere av partiene på Stortinget tilkjennegir sin interesse for de endringer som er i gang i Statistisk sentralbyrå (SSB). Arbeiderpartiet har støttet finansministerens innkalling av SSB-sjefen på teppet i neste uke, mens Senterpartiet har sendt spørretimespørsmål til Siv Jensen. Både spørsmål og begrunnelse levner liten tvil om at Sp tolker beslutningen om at Erling Holmøy ikke skal forske mer i SSB som en politisk beslutning fra ledelsen basert på ulike syn på innvandring.

Spørsmålet, signert Liv Signe Navarsete (Sp), lyder: «Er statsråden komfortabel med at det no kan førekome tvil rundt om medarbeidarar i Noregs nasjonale statistikkbyrå vert straffa for ikkje å dele leiinga sitt syn i faglege spørsmål?»

Navarsete viser til at flere har kritisert SSB blant annet i den interne metodedebatten, og viser deretter til at den offisielle begrunnelsen for «fjerninga av forskaren er at han har få eller ingen publiseringar på høgt fagleg nivå.» Sp er ikke imponert over denne begrunnelsen knyttet til hva Holmøy faktisk har levert:

For dei av oss som kjenner SSBs strategidokument der det mellom anna vert heva fram at byrået skal produsere «relevant forskning og analyse», er det ikkje til å unngå at ein stussar over at ei slik grunngjeving vert nytta. Den aktuelle forskaren har nemleg utmerkt seg nettopp gjennom å produsere «relevant forskning og analyse». Publiseringane hans har faktisk vore så relevante at han som éin av svært få har skapt seg eit namn gjennom jobben i SSB. At eit byråkratisk tellekantsystem skal vektast tyngre enn oppfylling av SSB sin eigen strategi kan vere vanskeleg å forstå.

Det var litt av en attest til Holmøy fra Sp! Gratulerer!

Så til den mer generelle argumentasjonen fra Sp, som handler om akademisk frihet og uenighet.

Akademisk fridom er ein viktig norsk verdi. Meiningsbryting er positivt og bidreg til utvikling og ny kunnskap. Det er ikkje til å undrast over at mange leiarar vert freista til å fjerne opposisjon og motstand. Det er meir komfortabelt slik. Men kloke leiarar veit at det er nettopp dei avvikande syna og dei sterke røystene som skaper ny kunnskap og utvikling. Kunnskap og fagleg usemje skal dyrkast fram – ikkje gøymast bort eller kjempast ned.

Og om attesten til Holmøy er god, er den ille for SSB-ledelsen:

Leiinga i SSB har tidlegare sagt at dei eigentleg ikkje ynskjer den kunnskapen som forskaren har forska fram. Leiinga har også sagt at det er hennar oppgåve å avgrense kva statistikk og informasjon politikarar og folkevalde skal få tilgang til, m.a. i Dagens Næringsliv, 23. mars 2017. Når personar som har eit anna syn enn leiinga vert fjerna under ei bekvemmeleg grunngjeving, er det noko som bør takast på høgste alvor – særleg på det bakteppet som eksisterer i SSB.

Eg ber statsråden kommentere om ho er komfortabel med at leiinga i Noregs mektigaste statistikkbyrå ser på det som oppgåva si å hindre at nokon typar kunnskap vert produsert og at det no er tvil rundt om medarbeidarar vert straffa for ikkje å dele leiinga sitt syn i faglege spørsmål.

Svaret fra statsråd Jensen foreligger ikke enda.

Stortinget.no: Dokument 15:115